Ein enklare måte å styre internettilgangen på.

Nettus er laga for situasjonane der elevane treng nokre digitale verktøy, og læraren treng å kunne avgrense resten.

Nettus-logo med troll som held eit stoppskilt

Undervisninga set retninga.

Målet er å gjere det praktisk å tilpasse tilgangen til det elevane skal arbeide med. Nettus samlar maskiner, tilgangsgrupper og nettenester, slik at læraren kan bruke eit oppsett som IT-ansvarleg har lagt til rette for.

Skular er hovudmålgruppa. Løysinga har òg ein generell bruksmåte for verksemder som ønskjer å styre internettilgang på administrerte Windows-maskiner.

Tilgangsstyring er ein del av heilskapen.

Nettus blir sett opp saman med skulen sine rutinar for maskindrift og undervisning. Me går gjennom kva de ønskjer å oppnå, kva tenester de brukar og korleis støtte og naudopning skal fungere.

Frå Hardanger IT i Norheimsund.

Hardanger IT står bak Nettus. Selskapet leverer IT-drift, brukarstøtte, nettverk og digitale løysingar, med lokal tilknyting og kort veg til kontakt.

På Hardanger IT si nettside kan du bli kjend med Rune Gangstø og Stig Jarle Bu, og lese om selskapet og erfaringa deira.

Møt Rune og Stig Jarle Besøk hardangerit.no

Sjå kva Nettus kan gjere for skulen.

Me viser deg løysinga og snakkar om maskinparken, undervisninga og behova dykkar. Saman finn me eit oppsett som passar.

Demonstrasjon og behovsavklaring med Hardanger IT.