Meir rom for undervisning.

Nettus gir skulen styring av internettilgang på administrerte Windows-maskiner. Vel nettenestene elevane treng, og tilpass tilgangen til timen.

For skular. Frå Hardanger IT.

Nettus-logo med troll som held eit stoppskilt

Rett tilgang, til rett tid.

Når digitale verktøy er ein del av undervisninga, treng læraren ein enkel måte å styre kva som er tilgjengeleg. Nettus samlar den kontrollen i ein nettportal.

For læraren

Styr tilgangen for tildelte maskiner og grupper. Bruk valde nettenester eller ei tidsavgrensa økt når oppgåva krev det.

For IT-ansvarleg

Samle maskiner, brukarar og nettenester. Tildel rettar og få oversikt over kontakt, policy og rapportert sperrestatus.

For skulen

Eit felles oppsett gjer det enklare å tilpasse internettilgangen til ulike klassar og undervisningssituasjonar.

Oversikt før du gjer ei endring.

Sjå maskinene og kva tilgangsgruppe dei høyrer til. Nettus skil mellom kontakt med klienten, motteken policy og rapportert maskinsperre.

Bli kjend med funksjonane
Nettus-portalen med maskinoversikt og tilgangsstyring. Demovisning med dømedata.

Maskinoversikta i Nettus. Demovisning med dømedata.

Opne produktbiletet i full storleik

Bygd for skulekvardagen.

Organiser maskiner i tilgangsgrupper og gjenbruk nettenester på tvers. Lærarar får tilgang til dei klassane og gruppene dei skal styre.

Nettus passar først og fremst for skular med administrerte Windows-maskiner. Løysinga kan òg tilpassast verksemder med behov for styrt internettilgang.

Folk du kan ta kontakt med.

Hardanger IT står bak Nettus og hjelper med behovsavklaring, oppsett og vidare oppfølging. Du får snakke med menneske som kjenner løysinga.

Møt menneska bak Hardanger IT Les meir om Nettus

Sjå kva Nettus kan gjere for skulen.

Me viser deg løysinga og snakkar om maskinparken, undervisninga og behova dykkar. Saman finn me eit oppsett som passar.

Demonstrasjon og behovsavklaring med Hardanger IT.